Ørsta Volda Bryggarlaug inviterer til Bryggarkampen – Kveikleik 2026 laurdag 13. juni – ein kveld fylt med kreativ brygging, god drikke, konkurranse og sosial stemning.
22 kveikbrygg på tapp
På tapp finn du 22 ulike bidrag brygga med kveik, og du får smake deg gjennom eit imponerande spenn av stilar – frå NEIPA, IPA og lager til red ale, sider og kanskje mjød. Her er frie rammer, mykje kreativitet og garantert fleire overraskingar.
Med billett får du tilgang til smaksprøver av alle bidraga, snacks, noko god mat og inngong til Stødt Bar & Scene etter endt arrangement.
Nytt i år: jurykonkurranse og pris for kreativitet
Publikum får stemme fram Publikum Kveikleikar 2026, men nytt i år er at vi også for første gong arrangerer ei eiga jurykonkurranse, der bidraga blir vurdert av eit dommarpanel.
I tillegg blir det også kåra Årets mest kreative Kveikleikar – ein ny og ekstra spennande pris for det mest originale og vellukka bidraget.
Storslåtte premiar
I år har vi verkeleg slått på stortromma. Det blir delt ut svært gode premiar i alle konkurransane, mellom anna festivalpass, bryggeutstyr, gavekort og meir. Det blir også ein premie eller to til publikum som leverar inn stemmeseddel.
Praktisk informasjon
- Dato: laurdag 13. juni 2026
- Dørene åpner: 17:00
- Slutt: 23:00
- Aldersgrense: 18 år
Dette er ikkje berre ein konkurranse – det er ei feiring av kveik, bryggeglede og godt lag. Kom og stem fram din favoritt, oppdag nye smakar, og bli med på å kåre årets Kveikleikar 2026.
Sjå arrangementet og meld deg på
Vel møtt!